torsdag 23. oktober 2008

Jul? tsh..

Eg hadde eigentleg ikkje tenkt å late meg provosera, var fast bestemt på at i år, I ÅR skal eg la dette gli forbi meg. Om ikkje noko anna så er eg betydeleg roligare angåande dette tema i år, enn noko anna år. Det er jul eg snakka om, jula som kjem tidlegare og tidlegare for kvart år. Ein ting er å vere forberedt, men alt til sin tid. Julebrusen er kommen i butikken, godt mogleg den har stått der ei stund, eg har ikkje sett etter den. Var ikkje til å unngå når ein av mine sambuara kom draksande med Lerum sin julebrus her ein dag, ein spydig kommentar fekk ho. Prøvde å gje ho dårleg samvet med leksa om at "da so e stas me julebrus e at du kan drikka dan når da e, nettopp JUL" utan vidare hell. Har observert fleire julebrusflasker i huset etter denne hendinga. Eg er litt rysta. Snart finn eg vel marsipangris restar på stovebordet. Dei om det. EG vil, og skal unngå, så lenge det let seg gjera alle juleting. Noko eg eigentleg ikkje finn så vanskeleg då eg ikkje er noko stor tilhengjar av denne, visst nok, koselige tiden.

2 kommentarer:

Mari sa...

Julebrus, og andre juleting, skal ein venta med minst til advent! fysjom. Var rett før eg kjefta på ein kar eg støytte på utanfor ein butikk i går - hadde eg kjent han hadde eg gjort det...

Anja sa...

Du ga han vel eit stygt blikk?