tirsdag 7. april 2009

God fuckings Påske!

Ronan Keating, snørr, peppermynte og regn. Kan det bli betre lissom? Deler av dette kan komme av utflukta vår i går, som i korte trekk kan beskrivast med ord som; snarveg og blaut snø. Guro(6 år), som var min følgesvenn på denne ferda, sa opp til fleire gonger "dette her gjer me ikkje te atte altso, Anja". Eg kunne ikkje sei imot ho, eg ville heller ikkje sei imot ho då ho sa ho berre ville legge seg ned å grine. Eg prøvde heller med ein overbevisande tone å sei at det er berre ned bakken her no, men eg trudde ikkje på det sjølv heller. Skyt meg, skyt meg no, tenkte eg. Det var då svært så dramatisk eg høyres ut, men så gale var det faktisk. Me hadde også med oss to hundar, ein stor og ein liten.

Anja; stakkars Bustn, han ha jo so korte føte og han..
Guro; ke me meg dao? Eg og ha korte føte..
Anja; ehmm..ja, men du kan sei at du fryse du, da kan ikkje Buster.
Guro; hm! ... Stakkars meg og Buster!

Tross alt, me kom oss heim. Takka vera viljestyrke, staheit og ein snill mann som løfte den største hunden over gjerdet. (NEI, der var ingen grind)

Derfor set eg som eg gjer i dag, peppermynteolje under nasen, dårleg underhaldning på TV og ei mor som er i tupperwareparty. God fuckings påske, seie eg berre.