søndag 19. oktober 2008

Gullkorn!


Guro er her, me hadde ein fin kveld i går med heimelaga pizza og snop!! (Om me fortente det, er ein heilt anna sak). Vetle vennen imponerte med å skrive på dataen, ho mor sjølv var ganske oppgitt når jenta på snart seks år skreiv på MSN. Eg hadde forresten løge bilete, men Monica sitt var ganske fint. Også var det jo så mange fine smilefjes, regnboge, hjerta..oioioi! Eg vart iallefall imponert, var ikkje sånn når me va unge. Då mobiltelefon var ein koffert så måtte pluggast inn i sigarettennaren for å fungere.

Leggetid, først varma me dynene framfor varmepumpa. Me (eg) sang, eg huksa andre vers på "måne og sol", Guro skjønte ikkje heilt kvifor det var stas. So sang me "kem har skapt alle fuglane", eg avslutta så med ei salme. På det tidspunktet holdt Guro seg for øyrene. Eg skjønte at slaget er tapt, tig no. Me drog me oss dynene ut i senga for siste leggetidritual, lesing. Ropa på Buster, han kom ikkje, då kjem det frå Guro;

"han e på kjøkenet, han gøymde seg når du sang dan siste sangen".
Eg svara kjepphøg; "nehei, Buster lika no stemma mi."
Guro seie; "jaha, kefø reiste han dao?"

Ååh..dei vekse te!
(Bilete: Lie, sumar 08)

3 kommentarer:

Mari sa...

hehe, ho ha visst ikkje so høge tanka om salmesongen din verka det so. Ho veit ikkje k heldig ho e!

Monica sa...

Eg må sei eg e stolte av deg Anja, blir ikkje du den perfekte mor so veit ikkje eg!!

Anja sa...

Onga og fudle folk, veit du..
Og, ja..perfekt mor, herska ingen tvil!