Laurdag var eg på ballbingeopning, ja me har fått ballbinge på Indre Hafslo. Flott! Pressedekningen var heller fråverande. Så var det kafè med venn, føler eg har svikta kafèlivet i det siste. Så skifta eg dekk på bilen, eller eg hjelpte kjempe mykje til. Hadde klart det heilt fint åleina om eg måtte altså, men let ikkje egoet mitt komma i vegen når det gjeld dekkskifte. Resten av kvelden gjekk med på førebuing til dåp, dvs. eg og vesle Malin låg på sofaen å halvsov mens dei andre styra rundt oss. Kos!
Sundag; o store dåpsdag! Vesla var kjempe flink i kyrkja, stolt tante konstaterte at ho faktisk er tante til verdens BESTE jenta. Når vatnet kom på hovudet spratt nistelepen ut, men då presten ”korsa” ho, smilte ho. Nåååh!!

1 kommentar:
Ungen er ikkje berre fin, intelligent er ho og :-)
Legg inn en kommentar