"No ska me kosa oss"
Kvem har ikkje høyrt den før? Spørsmåla er; når kosar me oss? Kvifor? Korleis? Kva skal til for at eg skal ha ein koseleg kveld? Eg las ein artikkel i eit blad om å kose seg, levande lys i haustmørket osv. Det var mange ulike syn på kva som er hyggje, og korleis me skal oppnå dette. Forståeleg nok, eg åleine har mange tankar om kva som er hyggje for meg. Det er ikkje kvar dag eg føler det er kos å sitte med ein varm kopp med kamillete, eller ei god bok. Då er det heller meir stas å trø ned i joggeskoa, på med "speedobuksa", stappe musikk inn i øyrene og ha seg ut. Kjenne svetten sakte, men sikkert byrja å piple ut frå panna. Kjenne blodpumpa jobba som aldri før. Dra inn eit godt magadrag med frisk luft. Då og kan eg verkeleg kosa meg! Dagsformen har mykje å sei, sånn vil det jo alltid vera.

Det står i same artikkelen at me nordmenn ikkje kan kose oss utan at me har fortent det. Ein et altså ikkje sjokoladen før ein når fjelltoppen, ein gjer faktisk ikkje det. Eller burde me det? Burde me nyte turen opp med litt sjokolade? For det står nemlig at noko er i ferd med å skje med "fordi du fortjener det". Eg er litt usikker på om eg vil ta del i denne utviklinga, sjokoladen smakar jo mykje betre når ein fortener den! På same måte som teen varma ekstra godt når eg veit at det eg hadde tenkt å gjera, er blitt gjort. So spør eg meg sjølv; kor går grensa? Når fortene eg å sette meg ned å kose meg? Eg burde jo ha rydda rommet mitt først, evt vaska kjøleskåpe, eller kanskje vaska kle? Iallefall bretta kle? I ein periode var eg ivrig på å bretta kle, måtte bretta alt. Teljekant var viktig, okey..den er fortsatt viktig. Men har jekka meg litt ned, eg bretta faktisk ikkje trusene mine meir. Fordi eg vart assosiert med eit menneske eg ikkje ville bli assosiert med, og fordi eg fekk litt nok. Eg fortene ikkje ein kopp te fordi eg har bretta alle trusene mine. Poenget mitt er vel; me fortene alle å kose oss litt i denne kalde, og til tider ufyselige verden. Eg fortene ein kopp te fordi eg let vere å bretta alle trusene mine, og kanskje ein sjokolade!

4 kommentarer:
Sjokolade, alltid, til alt! Sjølv om du ikkje brettar trusene dine (ja, for elles kunne eg aldri ha ete sjokolade...)
Men det er kanskje rett å stilla spørsmål ved det - eg trur nemleg at nokre gonger er kosen best når ein fortener den, rett og slett fordi den då er rein, og ikkje blanda med dårleg samvit. Kanskje betyr det ikkje at ein må venta med teen til alle dukane er strokne (for det skjer ikkje) - men kanskje til dei er tekne inn frå snora?
Jau, ikkje sant!?
Bra at du teke opp detta Anja, nett da eg trengte å høyra ette å ha gomla i meg ALT FOR MYKJE sjokolade og anna driiit...men eg ha kanskje fortent da sia eg ha vore so flink med oppg.skriving i dag. Men akkurat det med kaloriane bekymra meg, eg kjemme meg ikkje ut å gao lenger - skjerpings also!!!!
Sånn e livet! ;)
Eg e jo medlem i spenst, haha! Støttemedlem iallefall..
Legg inn en kommentar