Når det er sagt, (les. forrige innlegg) så har eg det fint her i Førde. I går skein sola, eg hadde ein herleg Coop-oppleving og ein eksamen datt ut verden (for denne gang). Eg har sett ein løvetann, Anne-Malene seier det er hestehov, eg har ikkje noko forhold til hestehov, så for meg er det løvetann. Eg kjenner småstein er på veg inn forbi gaffatapen på mine converse sko, men det gjer ingenting for det tyder at det ikkje er snø. Og me planlegg utflukt til Florø, eller Askvoll. Så sant me blir ferdige me alt det andre me skal gjer då.
Dagen i går vart avslutta med at det tikka inn ein melding; "lyst på raudvin? Snu deg!" Og der sto naboen i glaset med ei flaske i hånda. Du kan tru me koste oss. Og me var godt samde om at dette, det fortente me!
Jauda, livet er ikkje så verst. Førde er ikkje så verst.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar