lørdag 21. mars 2009

Case Lost

Jauda, då var den eksamen over, og ein ny trekt ut. All nurses out there, I salute you! So no set eg her, og skal skrive case om demens. MEN først skulle eg berre nett ha våre ned på butikken å sendt eit kort, so skulle eg berre nett fiksa presang til min mor, so skulle eg berre nett ha vaska litt kle, og kanskje pakka litt? Den kjensla eg har no er meir som me-har-jo-ei-heil-veka-på-oss-dao! Det er ei skummel kjensla, for ei veka, ho flyg. På ein måte er det bra, for eg skal til Bergen. Og eg gler meg. På ei anna sida; demens, tryggleik og kontakt med andre. Hmf! Og i morgon, då skal eg stå på inspirasjonsmesse å preike om kvifor eg går på sjukepleien, og som det så fint sto i mailen;
"og i denne settinga ynskjer vi sjølvsagt positiv omtale – på ein ”ekte” måte."
Skal gje dykk ekte, eg..

Ingen kommentarer: