onsdag 21. januar 2009

Vèrmelding

Då eg kom opp til Førde på måndag hadde eg bare vegar frå Skei, både eg og Dildodino koste oss. (kjenner at eg gledar meg sjukt til sommaren) I går, altså tysdag, snøa det! Nedtur, følte eg var litt ferdig med snøen her, pluss det at me har eit tun som har ein konstruksjon som ikkje lignar på noko vetugt. Og stien vår ned til vegen minnar meir om ei gjørmesklia med is. Å gå rundt er heilt uaktuelt, latskapen lenge leve! Snø, ja..ok, bilen kan stå, eg kan gjere eit forsøk på å skli elegant ned "stien", greit!
I dag, onsdag, regn! Problem løst, snøen på tunet blir erstatta med svart asfalt. Isen på stien fer, og gjørma kjem til sin rett igjen. Eg blir blaut, og det blir fortare mørkt ute. I morgon er det meldt sol, og tre varmegrader. Lurer på kva eg skal klage på då?
(Bilete; fotspor i Skora3)

Ingen kommentarer: