mandag 5. januar 2009

08/09

Som årets første blogginnlegg synst eg at det er på sin plass å ynskje alle eit godt NYTT år, og takke for året som gjekk. I fjor fekk eg unda ein del, eg kom meg hakket vidare, eg vart kjend med nye folk, eg vart kjend med folk eg allereie kjende, eg vart tante! Tusen takk! Takk til huset i Bergen, som trossa bange anelsar å tok i mot meg med opna armar. Takk til Monica som sette meg på tanken, og for at du er so god . Takk til Jeanette, som alltid er der.. og ser meg. Takk til Frida som legg seg ut på diskusjonar med meg, sjølv om ho veit at utfallet som oftast blir usakeleg. Takk til Mari som gjore sommaren i Lærdal minnerik. Takk til Stig, som får meg til å le. Takk til Heidi, for at du strålar.Takk til Anne-Malene, som himla med augene saman med meg når forelesaren tek det litt for langt. Takk til Wenche, for god rettleiing. Kunne nemnt so mange fleire, for det er mange som har gjort til at 2008 vart eit fantastisk år. Sitatet eg huksar best må vere ”ke gammal føle du deg no, Anja?”
Sist, men ikkje minst.Utan ho hadde eg aldri våre her eg er i dag (bokstaveleg talt).. Mamma, du er min stein, min dyrbare stein!

3 kommentarer:

Anonym sa...

Og der blei eg rørt.. :)

Jaab.

Mari sa...

Gubbevares... So einig med førre talar!

Anja sa...

De e so søte ;)