Eg et som oftast frukost kvar dag, men ikkje paa maandag. For det første sto nervene i spenn, dette var nemleg dagen då eksamenskarakteren skulle bli offentleggjort. For det andre, vår alles kjære Anne Cath. døde den natta. Eg føler dei gode heltane våre døyr vekk, eg tenkjer på bl.a. Arve Opsahl, Aud Shønemann, Harald Heide-Steen jr. Henki Kolstad, Grete Kausland. Kva skal mine born veksa opp med? Barne-tv no til dags er berre ein stor vits. Meg om det. Kvifor kunne det ikkje fortsette som det gjore? Eg kjem iallefall aldri til å sjå Jul i Blåfjell, dog har eg gjett slepp på mange prinsipp, men her er eg ikkje til å rikka.Den natta fekk Anne Cath. kvila. Takk for alle smil du ga oss!

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar