Ein ting er å få julegåver ”nett sånn singlet med glitter framme OG bak eg ha leita ette, tusen takk altso”. Snakker me oscar? Neida, eg er inga kravstor sjel, set pris på kvar minste ting. Sjølv om ein del av meg føler stor avsky over heile jula. Ting, ting, ting!! Når har me fått nok? Mens ein anna del av meg klør i fingrane etter å rive opp pakke for pakke. Tegning frå Guro på 6 år er like fin som ein iPod. Eller er det kanskje å sette det litt på spissen? Det er jo tanken som tel? Guro har teke fram eit blankt ark, herja på med tegnestiftar, sett Buster livleg framfor seg mens ho har nynna på ein julesang, det har resultert i herlige krussedullar som er gull verdt. Mens min bror har gått inn på ein butikk, kanskje fundert litt på kva farge eg vil ha på iPoden før han har gått ut igjen (heilt hypotetisk dette altså). Kva gåve betyr mest? Det hjelp meg lite å dra fram tegningen til Guro når eg set på ein buss, og har fire timar med daudtid framfor meg. iPoden kjem godt med. Ulike gåver har ulike verdiar. Eg er heldig, for eg får som regel litt av kvart. I fjor fekk eg heimelaga vottar, garn er ikkje SÅ dyrt, men eg veit det har våre slit å laga dei. For meg er dei dyrbare.Ein anna sak er sjølve julegåvehandlingen. Her får ein testa sin tolmod. Før helga hadde eg kjøpt ei julegåve, kun ei. No etter helga har eg ei igjen, trur eg. Med andre ord, eg var flink i helga. Men når ein står der å grublar på om ein skal kjøpe like huer til tvillingar, her blir eg aldri heilt einig med meg sjølv, og julemusikken bårar seg inn i hovudet, som allereie er heitt. Og ongar skrik og snårar rundt ein, og eg tvinger fram eit overberande smil til mora, som faktisk trur ho har sjarmerande born. Kjenner eg at det er jammen godt det er jul berre ein gong i året.

5 kommentarer:
I know! Og eg må innrømma eg ikkje handlar særleg mykje, men eg vert so fort lei at det berre vert ei i slengen. Og då vert det ein god del turar til byen. Køen på platekompaniet, frustrasjonen over at dei er utselt for det eg skal ha, julemusikken (-muzaken) og dei fæle nissane. Men når julafta kjem og dei eg er glade i opnar pakkar eg har tenkt lenge og vel på - då er det verdt det :-)
korleis farge vil du eigentleg ha på i-poden din til jul?
Julenissen.
Nissar er ok så lenge dei har raude huer, men blånissar kan brenna!
Julenissen: lilla, takk!
Lilla! Som i barbie-ipod :)
Julenissen. Igjen.
Im a barbiegirl, in a barbieworld!
Legg inn en kommentar