fredag 20. februar 2009

Hurra!

Okey..små barn, store gleder! Det har seg uansett sånn at brukarkontoen min har fungert særs dårleg den siste tiden, det heile byrja før jul ein gang. Eg fekk ikkje til å skrive ut, og her får me sjelden notatane servert. Trur kanskje eg har gått mine medstudentar litt på nervene.
"Du ska skriva ut, ja? mhm..hadde ikkje gidda å skreve ut eit ekstra sett? Tuuusen takk! Og, ja..ska snart ordna kontoen min, kan ikkje driva på slek, nei, du ha so rett!"
No er det fiksa! For ikkje nok med at eg ikkje fekk skrive ut, Æ Ø Å funka ikkje lenger, heller ikkje @. Kanskje ikkje kjempe viktige bokstavar, men utruleg kor mykje ein nyttar ø`en altså. Uansett, eg fekk ho kjempe kjekke biblotekdama til å ringa IKT(?) service i Sogndal, heilt greit. So ga ho tlf til meg når det byrja å ringa, søren..trudde det var eit håp om at ho vil ta seg av det. Eg har litt tlf skrekk, ikkje veldigt..men litt. Og iallefall når eg må prate med ein datamann om data, skrivebord og andre ting som eg eigentleg ikkje ser nytten av å kunne noko om. Iallefall, eg la fram min mistanke om problemet. Det var MIN profil som var sjuk, ikkje maskina. Og, ja..eg hadde heilt rett. Så det. Profilen min er frisk, no skal eg skrive Ødem og blÅleg hud. Hurra!

2 kommentarer:

Anonym sa...

O'Store Glede,
dan funke igjen ;p
Meneh, sjekk ut min splitter nye litt-rip-off-fra-din-blogg blogg då! :D

Anja sa...

Me like! ^^,