Eg føle da e på sin plass å forklara namnet på bloggen min. Da e mannen i mitt liv so står bak da namnet, me møttest for første gong ein kald Desember dag i 2002, da va kjærleik ved første blikk. Eg visste me ein gong at eg og du, min venn, ska ha mange fine stunde ilag. Rett fekk eg. I seks år ha han stått ved mi sida, han ha holdt følgje gjennom livets gleder, lika mykje so livets litt mindre gledelige stunder. Han e av rase Cavalier King Charles Spaniel, og lye som oftast namnet Buster. Og her kjemme blogg namnet inn, me kunne jo ikkje kalla han "berra" Buster. Me snakka flotte stamtavle, gode forfedre. Vetle Buster hadde ein liten, kvit flekk på vetle røvi si når han va liten, da va ikkje mange hårtustane, men nok te at me såg da. Bestemori te Buster heite Tatanja, derfor Tatanja`s Unique Spot Buster. No e Buster blitt heile seks år, flekken ser me ikkje lenger. Men eg ha leita, og eg ha funne ca 20 kvite hårstrå på vetle røvi.
Men Buster kom ikkje åleina på ein måte, han vart fødd 7. Oktober (samme dag so Oldebestn) og 18. November kom Guro te verdi. Mitt vakre, vene søskenbarn..og ho alle hjerter stjal, eller ho og Buster alle hjerer stjal. Kampen om fanget te matmor kunne til tider vera hard. Buster la seg i vippestolen te Guro, han kunne og finna på å ta smukken henna. Kanskje greit at ho vart vande me å dela, da tok ikkje meir enn 18 månader før ho va storesøster te to søte guta. No ska Guro te på skulen, og Buster nyte role daga på Tønnebakken. Ho spørde so fint her ein dag; "kefø kadla de Buster for vetla røvi? Og kefø kadla du meg alltid lille vennen?"
Ke ska ein svara på sånt? "Sånn e da berra, lille venn..kom dao, vetla røvi!"
So for me å plukka blomster

2 kommentarer:
So fantastisk nydeleg Anja!
Ååh..da varma, Mari!
Legg inn en kommentar